Adobe Creative Cloud for tilsette

Lærarar som underviser i visse fag har moglegheit til å få tilgong til programma i Adobe Creative Cloud.

Du vil få tilgong til alle programma i pakken, også program som ikkje trengs i undervisninga.

Du vil også ha moglegheit til å installere og nytte pakken på ei privatmaskin.

Korleis få pakken?

Lisensen er knytta til Office 365-kontoen din frå fylkeskommunen. Tilsette som forsøker å logge inn uten å ha tildelt lisens, vil få ei feilmelding.

Framgangsmåte for å installere pakken:
MERK: Heile prosessen krev tilgong til Internett.
Du kan laste ned ein utskriftsvennlig versjon av instruksjonane her.

Tips: Klikk på bileta for å sjå større versjonar.

  1. Installer programmet Adobe Creative Cloud skrivebordsprogram som du finn i Programvaresenteret.
  2. Etter installasjonen vil du finne programmet på Startmenyen:
  3. Du må logge på for å aktivere lisensen. Bruk Office 365-kontoen din frå fylkeskommunen. Brukarnamn for denne er epostadressa di og det vanlege passordet ditt:
  4. Du vil då verte omdirigert til Microsoft si innlogging for Office 365. Du må skrive inn brukarnamnet på nytt.
  5. Du vil då verte omdirigert igjen og får opp Ansattportalen for fylkeskommunen. Om denne gir feilmelding når du skriv inn passord, endre brukarnamnet til [FEIDEbrukarnamn]@intern.mrfylke.no og skriv inn det vanlege passordet ditt.
     
  6. Om du vert spurt om du vil fortsette å være logga inn, svar Ja.
  7. Når programmet opnar, gå til fana Alle apper:

    Her kan du installere eller oppdatere programma du vil ha, ved å trykke på Installer-knappen ved kvart program. Du kan installere fleire program samtidig.

    Under installasjonen vil du sjå framgangen under kvart program:
  8. Om du ønskjer å ha programma installert med eit anna språk enn Norsk, klikk på tannhjulet oppe til høgre:
  9. Gå til fana Applikasjoner og vel språk under Standard installasjonsspråk:

    For å gå tilbake til App-lista, trykk Ferdig.
    Merk at du må velge språk før du installerer programmet. Program som allereie er installert, må avinstallerast og så installerast på nytt for å skifte språk. Du kan avinstallere ved å klikke på dei tre prikkane ved sidan av [Åpne] eller [Oppdater]-knappen for kvart program, og så velje Avinstaller.

Du kan også være interessert i…