Bruk av SafeCom-maskin

For å nytte ei SafeCom-maskin, kan du først registrere eit printerkort, men du kan også logge på med FEIDE-brukar, om det står “trykk på skjermen for å logge inn” på maskina:

Om skjermen er svart, kan det være den er i kvilemodus. Trykk den blinkande blå sove-knappen oppe til høgre på tastaturet for å vekke maskina:

Logge inn på maskina

Tapp printerkortet ditt på kortlesaren.
Tapp kort på kortlesaren

Du kan også trykke på skjermen og logge på med FEIDE-brukaren din. Domene er “intern” for tilsette og “elevad” for elevar. Du må trykke på knappane til venstre for å kunne skrive i felta, du kan ikkje trykke direkte i felta:

Hovedmenyen skal kome opp.

Du kan no nytte maskina til å

  • Skrive ut (printe) – Krev at du har sendt ei utskrift til SafeCom frå maskina di.
  • Scanne til ei epostadresse
  • Kopiere

Skrive ut

Du må ha sendt ei utskrift til SafeCom frå maskina di.

Trykk ikonet “Pull print” på skjermen.

Du vil då kome til utskriftskøa di. Om dokumentet du skulle ha ikkje ligg i lista, har den ikkje kome fram frå maskina di. Sjå til at du er tilkobla og innlogga på nettverket til skulen, og prøv på nytt. Du kan óg trykke den grøne [Oppdater]-knappen til høgre på skjermen for å oppdatere lista.

For å skrive ut alle utskriftene som ligg klar, utan dei som har ein “R” før filnamnet, trykk knappen [Skriv ut alle] til høgre på skjermen. Utskriftene vil då bli skreve ut, og deretter fjerna frå lista.

Om du trykker på namnet til fila, vil knappane nedst bli aktive. Du kan merke meir enn éi fil samtidig.

  • [Skriv ut] – Skriv ut dei merka utskriftene. Utskrifter som ikkje er merka vert ikkje skreve ut eller fjerna frå lista. For å skrive ut utskrifter med ein “R” før namnet, er du nødt til å først markere dei, så trykke denne knappen. Merk at utskrifter merka “R” ikkje vert fjerna frå lista etter utskrift.
  • [Ta vare] – Lagrer merka utskrifter. Merk utskrifter du vil ta vare på, og trykk denne knappen. Dei vil då få ein “R” før namnet (“Retain”). Desse utskriftene vil ikkje bli skreve ut når du trykker [Skriv ut alle]-knappen oppe til høgre, du må først markere dei og så trykke [Skriv ut] nedst til venstre på skjermen. Utskrifta vil ikkje bli fjerna etter den er skreve ut, den vil fortsatt ligge i lista.
  • [Slett] – Sletter merka utskrifter frå lista. Dette gjeld óg lagra utskrifter med “R” før namnet.
  • [Info] – Detaljer om den merka utskrifta.
  • “Kopier” – Vel kor mange kopier av utskrifta du vil ha. Bruk piltastane for å auke eller senke talet.

Scanne til ei epostadresse

Trykk ikonet “E-post” på skjermen.

Felta vil være førehandsutfylt med den epostadressa systemet har registrert på deg.

  • “Fra”-adressa kan ikkje endrast. Eposten som vert sendt vil alltid kome frå deg.
  • Du kan angi meir enn éi epostadresse i “Til”- og/eller “Kopi”-felta. Skil dei med semikolon
    “ ; ”.
  • Endre “Emne” om du vil gi mottakar meir informasjon om kva eposten gjeld. Merk at det er begrensa lengde på dette feltet.

Legg så det du vil scanne på arkmataren eller på plata:

  • Arkmatar

    Nytt berre for lause og uskadde ark. Samanstifta ark må scannast enkeltvis på plata, sjå under.
    Arka kan scannast frå begge sider samtidig, ein treng ikkje køyre dei gjennom to gonger. Merk at du må aktivere dette, sjå “Innstillingar for scanninga” under.
    Sida som skal scannast først må være opp og øverst når arka ligg i arkmataren.
  • Plata

    Kan nyttast for skadde ark, bøker, samanstifta hefter, m.m.
    Kan ikkje scanne begge sider av eit ark automatisk, du må sjølv snu arket når du vil scanne andre sida.
    Sida som skal scannast må vere ned og heilt oppe i venstre hjørne av glasplata. Lukk loket før du scannar.
    Som standard vil systemet berre scanne ei og ei side som ligg på plata, og sende dei som separate filer i separate epostar. Om du vil at alle sidene skal kome i same eposten, bruk arkmataren eller deaktivér “Enkeltfil-vedlegg” og aktivér “Jobbygg”, sjå under.

Innstillingar for scanninga

For å endre innstillingane for scanninga, trykk knappen [Konfigurer] nedst til høgre på skjermen, før du scannar:

I vindauget som poppar opp, kan du endre fleire innstillingar for scanninga:

  • “Retning” – Ståande ([Lang kant]) eller liggande ([Kort kant]) retning på det som vert scanna
  • “Sider” – Om du skal scanne begge sider av arka. Må også stå på om arkmataren skal scanne begge sider.
  • “Original” – Om det du scannar er eit reint foto, rein tekst, eller ei blanding. Som regel kan denne stå på [Blandet].
  • “Vedleggstype” – Kva format du ønsker på fila som vert sendt. Merk at [TIFF] og [JPEG] berre vil innehalde éi og éi side, mens [PDF] vil kunne samle fleire sider i same dokument. Merk også at [TIFF] berre er svart-kvit, du vil miste eventuelle farger. Til gjengjeld er det betre kvalitet enn [JPEG].
  • “Oppløsning” – Høgre oppløsning vil gi betre kvalitet, men krev meir plass og er større på skjermen. Enkelte epostadresser har ei begrensing på kor stort eit vedlegg kan være. Vel ei lavare oppløysing om epostadresser du sender til har denne begrensninga.
  • “Enkeltfil-vedlegg” – Trykk [Ja] her for å samle alle scanna sider i éitt vedlegg. Om denne står på [Nei] vil det bli éitt vedlegg for kvar side. Merk at om du nyttar plata for scanning, vil kvar side scanna bli sendt i kvar sin epost om du ikkje også aktiverar “Jobbygg”.
  • “Jobbygg” – Trykk [Ja] her for å samle separate scanningar (t.d. frå plata) i éin epost.

Trykk deretter [Send] for å starte scanninga.

Kopiere

Trykk ikonet “Kopiering” på skjermen.

Dette vil opne kopierings-skjermen:

Knappane oppe til venstre vel om kopien skal ha farge eller ikkje. Under dette vel ein om ein kopierer eit fotografi, blanda bilde og tekst på same side, eller berre tekst. Kopieringa kan ta kortare tid om det ein kopierer berre har tekst og ein vel [Tekst], mens [Foto] tar lengst tid men gir best kvalitet.

Øvst til høgre ser ein kor mange originalar som har blitt scanna inn og er klart til kopiering, kor mange kopiar ein har velt å få; tast dette inn på tastaturet. Du ser også kor mange kopiar som har blitt produsert til no.

I hovedfeltet ser ein øvst kva magasin ein har velt. Om du vil tvinge bruk av eit spesifikt magasin, trykk på dette.

Under magasinvalga har ein moglegheit for å velje forstørring eller forminsking på kopien i forhold til originalen.

Under dette har man valg for om ein vil samle fleire sider frå fleire originalar til tosidige kopiar, tosidige originalar til tosidige kopiar, tosidige originalar til enkeltsidige kopiar, og fleire sider på éi kopiside. Magasinalternativa vil ikkje være tilgjengeleg eller fungere på maskiner som ikkje har etterbehandlar montert på maskina. Maskiner tilgjengeleg for elevar har ikkje etterbehandlar.

Øvrige knappar er meir for avanserte brukarar eller krev etterbehandlar montert på maskina og vil ikkje bli forklart her.

Legg så det du vil kopiere på arkmataren eller på plata:

  • Arkmatar

    Nytt berre for lause og uskadde ark. Samanstifta ark må kopierast enkeltvis på plata, sjå under.
    Arka kan kopierast frå begge sider samtidig, ein treng ikkje køyre dei gjennom to gonger. Merk at du må aktivere dette, sjå forklaringa over.
    Sida som skal kopierast først må være opp og øverst når arka ligg i arkmataren.
  • Plata

    Kan nyttast for skadde ark, bøker, samanstifta hefter, m.m.
    Kan ikkje kopiere begge sider av eit ark automatisk, du må sjølv snu arket når du vil kopiere andre sida.
    Sida som skal kopierast må vere ned og heilt oppe i venstre hjørne av glasplata. Lukk loket før du startar kopieringa.

Tast inn kor mange kopier du ønsker ved å nytte tastaturet til høgre for skjermen. Om du tastar feil, kan du nullstille ved å trykke [C]-knappen eller den raude stopp-knappen nedst på tastaturet.

Trykk så den store blå/grøne knappen nedst til høgre på tastaturet for å starte kopieringa.

Du kan også være interessert i…