Feide

FEIDE (Felles Elektronisk Identitet) er ei innloggingsløysing som er brukt i mange fylke og høgskular/universitet i Norge. Den går ut på at du får ein brukar frå skulen/fylket som du må aktivere, og du kan bruke den til å logge på dei fleste tenester skulen/fylkeskommunen tilbyr eller nyttar, slik som Itslearning, SkoleArena Hypernet, og skulens elevnett.

Aktivering av brukar

For å kunne nytte FEIDE-brukaren din, må du aktivere den via BrukerID, http://brukerid.mrfylke.no.

Dette gjeld i det meste for VG1 elevar og nye tilsette, men elevar som har vore vekke i 1 år (utveksling, pause) eller har kome frå eit anna fylke eller ein skule som ikkje er drifta av fylkeskommunen, kan måtte aktivere brukaren sin uansett kva trinn dei skal byrje på. Det same kan gjelde tilsette som ikkje har vore tilsett ved fylkeskommunen ei periode.

  1. Om du ikkje er på skulen, eller nyttar ei maskin som ikkje er på elevnettet, gå til Punkt 2.
    Elevar, privatmaskiner og mobile enheter: Om du er på skulen, koble til det trådlause nettet «mrfylke«. Dette er eit ukryptert nett, og treng ikkje nøkkel. Angi at maskina skal være synleg for andre på nettet (privat nett). Dette då enkelte tenester vi leverer er avhengig av denne innstillinga.

    • Åpne så ein nettlesar og gå til ei nettside slik som Dagbladet eller denne wikien (http://ulsteinvgs.com). Facebook og slikt vil ikkje nødvendigvis fungere, då desse brukar krypterte forbindelsar.
    • Du vil få opp nettverket si login-side:
    • Trykk på lenka til BrukerID nedst på sida, under Logg inn-knappen.
  2. Gå til sida brukerid.mrfylke.no.
    MainPage
  3. Trykk på knappen «Aktiver & Registrer Brukar».
    Aktivering01
  4. For å logge på må du ha elevnummeret/ansattnummeret ditt, og personnummeret ditt. Elevnummeret kan du få frå kontaktlærar eller på kontoret (Administrasjonen).
    Aktivering02
  5. Når du har logga på, vil du få opp ei side med mykje informasjon.
    Aktivering03

    • NB! Øverst, i feltet Brukarnamn, står brukarnamnet ditt. Det er dette du skal bruke for å logge på det trådlause nettet, Feide (Ungweb, Lokus, SkoleArena/Hypernet og fleire andre), Skolepost og andre tenester frå fylkeskommunen, så skriv det ned og hugs det.
  6. Du skal no skrive inn eit passord. Passordet vel du sjølv.

    Passordkrav

    • Passordet kan ikkje være det same som ditt forrige/eksisterande passord
    • Passordet må vere minimum 8 og maksimum 16 bokstavar, tal og teikn
    • Brukarnamnet kan ikkje være ein del av passordet
    • Namnet ditt (fornamn, mellomnamn, etternamn) kan ikkje være ein del av passordet
    • Du kan kun nytte bokstavar, tal og teikn frå det engelske alfabetet (ikkje æøå eller andre spesialbokstavar/spesialteikn) – Sjå listene som står i parentes under neste punkt
    • Minst tre av punkta under må vere med i passordet:
      • Store bokstavar (A-Z)
      • Små bokstavar (a-z)
      • Tal (0-9)
      • Teikn (! @ # $ % ^ & * – _ + = [ ] { } ( ) | \ ; : ‘ , . ? / ` ~ “ < >)
  7. Fyll også ut informasjonen om mobiltelefonnummer og e-post, om det er mogleg. Dette er viktig, for om du gløymer passordet kan systemet sende det til desse.
    • Om feltet e-postadresse er tomt, og det ikkje er mogleg å skrive inn ei adresse sjølv, ta kontakt med kontoret! Du kan ikkje nytte Feide før dette feltet er fylt ut!
  8. Lagre innstillingane. Du vil då få opp ei side som oppsummerer informasjonen om deg.
  9. Du er no ferdig, og vil kunne logge deg på skulens nettverk og Feide.

 

Har du gløymt passordet for Feide, men hugsar brukarnamnet/personnummeret?

(Om du ikkje hugsar nokon av dei kan du få personnummeret frå læraren din eller kontakte kontoret/administrasjonen på skulen.)

  1. Gå først til brukerID.mrfylke.no, eller login-sida for skulen sitt elevnett og trykk på lenka til BrukerID.
    MainPage
  2. Klikk på knappen «Gløymt passord».
    Passord
  3. Skriv inn brukarnamnet og trykk [Neste]. Om du ikkje hugsar brukarnamnet ditt, kan du trykke på linken nederst til venstre, og i staden bruke personnummeret ditt.
    NyttPassord01
  4. Du vil no få tilsendt ei kode på SMS. Om du ikkje har registrert mobilnummeret ditt, eller det har blitt registrert feil mobilnummer til brukaren din, kontakt IT-support.
    NyttPassord02
  5. Skriv inn koda du fekk på SMS i det øverste feltet, og skriv så inn eit nytt passord. Hugs at du må skrive passordet to gonger, både i det midterste og nederste feltet på sida!
  6. Trykk [Neste] når du er ferdig.
  7. Passordet har blitt endra. Hugs at det kan ta nokre sekund/minutt før endringa trer i kraft.
    NyttPassord03

Du kan også være interessert i…