Google Apps

Korleis få tilgong

For å få tilgong til Google Apps, er det viktig at passordet på FEIDE-kontoen din fyl passordkrava (sjå under). Det er også viktig at alle stega i artikkelen blir fulgt nøye. Om du hoppar over nokon av stega, kan du risikere at du ikkje vil få tilgong til Google Apps! Om dette er tilfelle, må du gå tilbake og fullføre stega, eller starte på nytt.

Passordkrav

  • Passordet kan ikkje være det same som ditt forrige/eksisterande passord
  • Passordet må vere minimum 8 og maksimum 16 bokstavar, tal og teikn
  • Brukarnamnet kan ikkje være ein del av passordet
  • Namnet ditt (fornamn, mellomnamn, etternamn) kan ikkje være ein del av passordet
  • Du kan kun nytte bokstavar, tal og teikn frå det engelske alfabetet (ikkje æøå eller andre spesialbokstavar/spesialteikn) – Sjå listene som står i parentes under neste punkt
  • Minst tre av punkta under må vere med i passordet:
    • Store bokstava (A-Z)
    • Små bokstava (a-z)
    • Tal (0-9)
    • Teikn (! @ # $ % ^ & * – _ + = [ ] { } ( ) | \ ; : ‘ , . ? / ` ~ “ < >)

Korleis bytte passord

Du kan bytte FEIDE-passordet ditt på https://brukerid.mrfylke.no (gå til «Rediger/endre brukarkonto» og logg på med din FEIDE-brukar). Når du bytter passordet, er det viktig at det fyl alle passordkrava. Det er óg viktig at det nye passordet ikkje er det same som ditt gamle passord! Etter at passordet er bytta, kan det ta inntil ett døgn før passordendringa er registrert hos Google og du vil få tilgong.

Merk at du ikkje skal endre passordet ditt på Google sine sider!

Nedlasting, innlogging og installasjon

  • Gå til apps.google.com eller berre google.com.
  • Ved pålogging skal du bruke [FEIDE-brukernavn]@gapps.mrvgs.no som e-postadresse, og FEIDE-passordet ditt. Brukarnamnet blir da formulert: olanor11@gapps.mrvgs.no
  • Om du får feilmeldinga «Vi gjenkjenner ikke denne bruker-ID-en eller dette passordet» har du truleg ikkje oppfylt passordkrava. Bytt passord for FEIDE-brukaren din, og sørg for at krava er oppfylt.

Kontoinformasjon

Merk at nokre av detaljane i kontoinformasjonen din er ferdig utfylt på Google sine nettsider. Du kan endre personleg informasjon, utanom passordet.

Du skal ikkje endre passordet ditt direkte på Google Apps. Om du vil endre passord, endre for FEIDE-kontoen din, så vil endringa bli synkronisert.