Lagring og deling av OneNote-notatblokker til O365

Versjonar av OneNote

Enkelte har to versjonar av OneNote på maskina.

Den eine er ein app som ligg på Start-menyen, og kan hentast frå Microsoft Store. Denne appen krev innlogging til ein Office 365-konto, og kan ikkje lagre lokalt på maskina, berre i skya. Om ein har appen, ligg snarveg for denne i programlista på Start-menyen:

Den andre er ein versjon av OneNote som følgjer med Officepakken, kalt OneNote 2016. Dette er den som er anbefalt brukt, då den har fleire funksjonar enn appen.

Denne ligg i mappa Microsoft Office i programlista på Start-menyen:

Lærarmaskiner har ei Flis («Tile») for OneNote 2016 på Start-menyen:

Start-meny tile for OneNote 2016

Klikk på Flisa for å starte programmet.

For å kunne dele ei notatblokk med andre, må den ligge på O365. Ein treng då ein konto for dette. Alle elevar og tilsette på skulane i fylkeskommunen har slik konto. Følg instruksane i denne artikkelen om du ikkje har brukt den tidlegare.

 


Å opprette ei ny notatblokk som kan delast

  1. Opne programmet.
  2. Trykk på Fil oppe til venstre i programmet.
  3. Under Ny, må du trykke OneDrive i midtre kolonne (gå til punkt 5). Om denne ikkje er tilgjengeleg, må du koble OneNote til OneDrive. Dette gjer du ved å klikke på Legg til et sted, og så Office 365 SharePoint i høgre kolonne.
  4. Du vil då bli bedt om å logge på Office 365-kontoen din. Nytt [feidebrukar]@o365.mrvgs.no til dette. Passord er også FEIDE-passordet.
  5. Du vil no ha val om å lagre på Onedrive – Møre og Romsdal Fylkeskommune eller Nettsteder – Møre og Romsdal Fylkeskommune.
    Vel OneDrive og trykk på knappen [Bla gjennom] i høgre kolonne. Du kan også trykke på ei av dei nyleg brukte mappene for å lagre direkte i desse.
  6. I vindauget som kjem opp, vær varsom å berre bla gjennom mappene i høgre felt, og ikkje i venstre felt. Blar ein gjennom mappene i venstre felt vert fila lagra på lokal maskin, og ein kan få problem når ein deler notatblokka med andre. I adressefeltet øverst skal det stå https://mrfylke-my.sharepoint.com/personal/(…) når ein klikkar på det kvite utanfor mappenamna i feltet. Står det noko slikt som C:\Brukere\[brukarnamn]\OneDrive(…) i feltet, er du på lokal maskin. Avbryt og prøv på nytt frå forrige punkt.
    Ikkje opprett ei notatblokk direkte i «rota» til OneDrive, men opprett ei ny mappe som du lagrar kvar notatblokk i.
  7. Etter å ha navigert deg fram til der du vil lagre, skriv inn namnet du vil gi notatblokka og trykk [Opprett]-knappen. Du vil då få spørsmål om du vil dele notatblokka med andre. Du kan gjere dette no, men det kan også gjerast seinare om du vil legge inn litt innhald i notatblokka først.
  8. Ikonet ved sidan av namnet til notatblokka vil indikere om fila er synkronisert til serveren eller ikkje. Om OneNote held på med å synkronisere til skya, vil det vere ein grøn sirkel med piler i. Det vil berre vere bilete av ei bok med bokmerke når alt er i orden.
  9. Om du vel [Ikke nå], og seinare vil dele notatblokka, gå til Fil øverst til venstre i programmet og vidare til Deling.
    1. Del med andre let deg dele notatblokka med spesifikke personar. Om ein har lærarPC, og byrjar å skrive inn eit namn, så vil det verte gjort eit oppslag i adresseboka til fylkeskommunen. Merk at denne berre inneheld tilsette, ikkje elevar. I feltet til høgre for namnefeltet kan du velje kva rettigheiter personane skal ha i notatblokka. Du kan sende fleire invitasjonar i fleire omgangar, med ein eller fleire mottakarar, og for kvar omgang kan ein sette ulike rettigheiter. Når ein trykker knappen [Del], vil det bli sendt ein epost til mottakarane med ein link dei kan klikke på for å opne notatblokka i nettlesaren sin.
    2. Få en delingskobling let deg få ei offentleg internettadresse som kven som helst kan opne. Dette er nyttig om ein ikkje har adressene til alle, eller vil gjere notatblokka tilgjengeleg for alle ved å legge ut adressa på Fronter eller nettsider.
      Vis kobling er ei adresse for dei som skal kunne sjå notatblokka, men ikkje redigere.
      Rediger kobling er ei adresse for dei som skal ha tilgong til å redigere notatblokka. Vær forsiktig med denne, sidan ein ikkje har kontroll på kven som gjer utilsikta endringar. Denne kan være nyttig når ein vil samskrive med andre i ei notatblokk der ein ikkje nødvendigvis treng å ta vare på innhaldet eller ha kontroll på det.
    3. Del med møte nyttast når ein deltek i nettbaserte møter gjennom Office 365-plattforma.
    4. Flytt notatblokk gir berre informasjon om kva ein må gjere om ein ønkjer å flytte informasjon frå éi delt notatblokk til ei anna. Ein kan ikkje flytte ei delt notatblokk til andre stader når den først er oppretta. Informasjonen er ein link til denne artikkelen hos Microsoft.

Etter ei notatblokk er oppretta på denne måten, vil den kun visast som ein Internett-snarveg når ein opnar OneDrive-mappa i Filutforsker, ein vil ikkje sjå sjølve OneNote-filene:

 


Å dele ei eksisterande notatblokk

Ei notatblokk som er oppretta eller lagra på lokal maskin, eller i mappene til OneDrive i Filutforsker, må flyttast til skya før den kan delast.

Du kan sjå om notatblokka er lagra slik ved å opne mappa den ligg i, i Filutforsker. Om du ser dei tilhøyrande filene, er notatblokka ikkje lagra på ein måte som vil kunne delast:

Om ein deler mappa filene ligg i på OneDrive med andre, kan du og dei du deler notatblokka med få problem med lagring, synkronisering, og å opne filene i nettlesar.

 

  1. Opne notatblokka du vil dele i OneNote. Opne Fil øverst til venstre i programmet og gå vidare til Deling. Vel OneDrive i midtre kolonne, og trykk knappen [Bla gjennom] i høgre kolonne, eller vel ei mappe du nylig har opna.
    Om der ikkje er noko val for OneDrive, følg veiledninga frå punkt 3 til 5 under overskrifta Å opprette ei ny notatblokk som kan delast, over.
  2. I vindauget som kjem opp, vær varsom å berre bla gjennom mappene i høgre felt, og ikkje i venstre felt. Blar ein gjennom mappene i venstre felt vert fila lagra på lokal maskin, og ein kan få problem når ein deler notatblokka med andre. I adressefeltet øverst skal det stå https://mrfylke-my.sharepoint.com/personal/(…) når ein klikkar på det kvite utanfor mappenamna i feltet. Står det noko slikt som C:\Brukere\[feidebrukarnamn]\OneNote\(…) i feltet, er du på lokal maskin. Avbryt og prøv på nytt frå forrige punkt.
    Ikkje opprett ei notatblokk direkte i «rota» til OneDrive, men opprett ei ny mappe som du lagrar kvar notatblokk i.
  3. Etter å ha navigert deg fram til der du vil lagre, skriv inn namnet du vil gi notatblokka og trykk [Flytt]-knappen. Notatblokka vil då flyttast til skya. Etter dette er gjort, vil du få ei stadfesting.
  4.  For å dele notatblokka, sjå punkt 9 under overskrifta Å opprette ei ny notatblokk som kan delast, over.

Etter ei notatblokk er oppretta på denne måten, vil den kun visast som ein Internett-snarveg når ein opnar OneDrive-mappa i Filutforsker, ein vil ikkje sjå sjølve OneNote-filene:

 


 

Du kan også være interessert i…