Lagring som PDF

Guide for å lagre filer i PDF format

Om ein skal lagre eit dokument i PDF format, kan ein gjere det på ulike måtar. Denne guiden  viser tre av måtane ein kan gjere det på.

Guiden er laga på grunnlag av §4 andre ledd, og §5 fyrste ledd i Forskrift om IT-standard.

Sjå: https://www.difi.no/artikkel/2015/05/publisering-av-tekstdokumenter for meir informasjon.

Windows:

Microsoft Word
Libreoffice Writer
Skriv ut til PDF-fil

Mac:

Microsoft Word
Libreoffice Writer
Skriv ut til PDF-fil

 

Lagring som PDF i Word for Windows

Steg 1: Opne Fil-menyen.

pdf-guide1

Steg 2: Trykk på lagre som.

pdf-guide-2

Steg 3: Trykk på Bla gjennom.

skjermbilde3

Steg 4: Trykk på filtype-nedtrekksboksa.

skjermbilde4

Steg 5: Sjå nedover, til du finn PDF, og trykk på den.

pdf-guide5

Steg 6: Vel kvar du skal lagre det, gje dokumentet eit namn, og trykk på lagre for å fullføre lagringa av dokumentet som PDF

 

Lagring som PDF i LibreOffice Writer for Windows

steg 1: Trykk på PDF-ikonet ved sidan av skrivarikonet for å eksportere direkte som PDF.

skjermbilde7

steg 2: Vel kvar du skal lagre det, gje dokumentet eit namn, og trykk på lagre for å fullføre lagringa av dokumentet som PDF.

 

Skrive ut til PDF-fil i Windows

Windows 10 har ein innebygd skrivar som kan nyttast med alle program som kan skrive ut, for å lagre arbeidet som PDF. I bileta under er det brukt Word, men du gjer tilsvarande i alle andre program som kan skrive ut.

steg 1: Trykk på fil oppe i venstre hjørne.

pdf-guide1

steg 2: Trykk på skriv ut.

skjermbilde8

steg 3: Trykk på nedtrekkslista under Skriver og velg Microsoft Print to PDF.

Steg 4: Trykk på skriv ut.

steg 5: Vel kvar du ønsker å lagre, gje dokumentet eit namn, og trykk på lagre for å fullføre lagringa av dokumentet som PDF.

 

Lagring som PDF i Word for Mac

Steg1: Trykk på ikonet for å lagre

mac bilde 1

Steg2: Trykk på format-nedtrekksboksa og vel pdf , Vel kvar du ønsker å lagre PDF og trykk på arkiver for å fullføre.

mac bilde 2

 

Lagring som PDF i LibreOffice for Mac

Steg1: Trykk på PDF-ikonet ved sidan av skrivarikonet for å eksporter direkte som PDF.

libre mac 1

Steg2: Vel kvar du ynskjer å lagre pdf fila, og trykk på arkiver for å fullføre lagringa.

libre office 2

 

Skrive ut til PDF-fil på Mac

Steg 1: Trykk på fil, og vel skriv ut.

lagre som pdf med mac 1

Steg 2: Trykk på PDF-nedtrekksboksa nederst til venstre

lagring av pdf med mac 2

Steg 3: Trykk på arkiver som PDF,  vel kvar du ynskjer å lagre PDF-fila, og trykk på arkiver for å fullføre lagringa.

lagring av pdf med mac 3

Du kan også være interessert i…