Printerkort

For å lettare logge på ei SafeCom-multimaskin kan du ha eit printerkort registrert på din konto.

Dersom du ikkje har hatt ein SafeCom konto tidligare, eller du får beskjeden «Ukjent brukar» når du logger på SafeCom med ditt printerkort, må printerkortet registrerast på nytt.

 

Kva treng eg?

For å kunne registrere ditt printerkort, treng du følgjande:

  • FEIDE-konto
    For å få ein konto på SafeCom må du ha ein aktiv FEIDE-konto.
  • Printerkort
    Når ein skal hente utskrifter på SafeCom, kan ein logge seg på med eit printerkort. Fylket si SafeCom-løysing nyttar MIFARE CLASSIC 1K-kort. Om du har eit slikt kort, kan du nytte det. Elevar får utlevert eit skulebevis det første året dei går på skulen, dette kortet kan også brukast som printerkort.

 

Registrering av printerkort

For å få registrert printerkortet tar du med deg kortet og PUK-koden til ei av kopimaskinene som står på skulen. Alle kopimaskinene som er merka med SafeCom kan brukast til dette formålet, og det spelar ingen rolle kva for ein du nyttar. Når du har skrive inn ei PUK eller PIN-kode må du bekrefte koden ved å trykke på «OK» knappen på skjermen.

  • Om skrivaren har svart skjerm, trykk på knappen som lyser blått oppe til høgre på betjeningspanelet for å vekke skrivaren frå sovemodus. Når skrivaren er klar, har du dette biletet på skjermen:
  • Scann kort. Du vil få beskjeden «Ukjent bruker».
    Tapp kort på kortlesaren
  • Trykk [Avbryt] / [Cancel] på skjermen om PUK
  • På skjermen om brukernavn, trykk på [Brukernavn]-knapp til venstre på skjermen, skriv inn FEIDE-brukernavn. Trykk [OK].
    Trykk knappane til venstre. Tekstfelta kan ikkje trykkast på.
  • På skjermen om brukernavn, trykk på [Passord]-knapp til venstre på skjermen, skriv inn FEIDE-passord. Trykk [OK].
    Trykk knappane til venstre. Tekstfelta kan ikkje trykkast på.
  • På skjermen om brukernavn, trykk på [Domene]-knappen til venstre på skjermen, skriv inn «elevad» (gjeld elevar) / «intern» (gjeld lærarar), uten hermeteikna. Trykk [OK]
    Trykk knappane til venstre. Tekstfelta kan ikkje trykkast på.
  • Du skal no verte logga på. Kortet skal då være registrert og er klart til bruk.

 

Bruk av kortet

For å logge på SafeCom-maskina etter du har registrert eit printerkort, bruker du kortet på ei av kopimaskinene som er merka SafeCom. Sjå artikkelen «Bruk av SafeCom-maskin» for meir informasjon.

 

Utlogging

Husk å logge ut av SafeCom etter du er ferdig å bruke kopimaskinene. Dette kan gjerast på to måter:

  1. Trykk på «Logg ut»-knappen på kopimaskinens skjerm. Dersom du ikkje ser denne knappen, kan du forsøke å trykke på «tilbake»-knappen først. Om du ikkje har ein «tilbake» eller «Logg ut»-knapp på skjermen, trykk knappen merka «SafeCom» ved sida av skjermen.
  2. Tapp printerkortet på kortlesaren.

Du kan også være interessert i…