Ressurssider

Senter for IKT i utdanningen (www.iktsenteret.no)

Senter for IKT i utdanning jobbar med ulike tenester, ressursar og prosjekt som skal auke kvaliteten i utdanninga og gi betre læringsutbytte og læringsstrategi for våre barn i barnehage, elever i grunnopplæring og studentar i lærar- og barnehageutdanninga.

 

IKT Plan (www.iktplan.no / v3.iktplan.no (beta))

Senter for IKT i utdanninga sin plan for opplæring av digitale ferdigheter i skulen.

Innhaldet er i høve til gjeldande læreplan fra 2006, Kunnskapsløftet og rammeverk for digitale ferdigheiter, fastsatt av Kunnskapsdepartementet, januar 2012. Planen inneheld kompetansemål, haldepunkt, rettleiingar, videoar, ressursar og lenker. Der er nyttige ressursar kopla opp mot alle måla.

 

IKT i praksis (iktipraksis.iktsenteret.no)

Iktipraksis.no er Senter for IKT i utdanning si heimeside for deling av digital pedagogisk praksis.

Iktipraksis.no skal gi barnehagelærerar, grunnskulelærerar og andre pedagogar tips til IKT-verktøy dei kan bruke i sin praksis, samt vise god pedagogisk praksis med IKT.

Innhaldet er hovudsakleg laga og delt av heimesida sine brukarar. Hensikta med sida er å spre god, digital praksis. Alle som opprett ein konto på sida kan bidra med blogginnlegg, læringsopplegg og omtale av applikasjonar og program. Innhaldet modererast i etterkant av redaksjonen til iktipraksis.no.

 

Eva 2.0 (evabra.wordpress.com)

Ein personleg blogg der det leggast ut undervisningstips og undervisningstenester med hovudvekt på digital kompetanse, sosiale medier og web 2.0-tenester – primært retta mot utdanningssektoren

 

NRK Skule (www.nrk.no/skole)

NRK Skule er eit digitalt klipparkiv, som består av lyd og bilete fra NRKs radio- og fjernsynsarkiv. Innhaldet er tilrettelagt for elevar og lærarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring, og er knyttet opp mot kompetansemåla i læreplandatabasen Grep.

 

TV 2 Skule (www.tv2skole.no)

TV 2 Skule brukar levande bileter svært aktivt, og både video, tekst og oppgåver er lojalt knytt til kompetansemåla i dei ulike faga. Vi lagar også undervisningsopplegg for elevgrupper med særskilde behov, og vi produserar undervisningsfilm på oppdrag.

Foruten reine læremidel lagar vi også skreddarsydde vekentlege nyheitssendingar fra TV 2s nyheitsstudio med tilhøyrande oppgåver for både barnetrinn og ungdomstrinn.

Du kan også være interessert i…