Untis

Webuntis

Webuntis kan nyttast gjennom internettsida (https://romres.ist-asp.com/WebUntis/?school=ulstein_vgs). Trykk på lenka for å kome direkte inn på nettsida til Webuntis. OBS: Om du ikkje bruker linken, kan du bli spurt om å skrive inn skulenavn. Skulenavnet er «ulstein_vgs».

Du vil få to val i menyen på venstre side. «I dag» og «Timeplan».

Under «Timeplan» (1.) vil du få tre nye val (2.):
– Under «Klasser» kan du velje timeplanen til dei forskjellige klassene på skulen.
– Under «Lærar» kan du sjå timeplanane til kvar enkelt lærar.
– Under «Rom» kan du sjå kven som er på dei forskjellige klasseroma, og kva klasserom som er ledig til dei ulike tidene.

Du vil óg få moglegheita til å endre dato på søket ditt, slik du kan sjå timeplaner fram i tid (3.).

 

 

Untismobile

Der er også tilgjengeleg ein applikasjon «Untismobile», for Android og IOS (IPhone) telefonar.

Untis-appen vil gi deg tilgang til å sjå timar til lærarane på skulen, timane til klassene og når dei forskjellige romma er ledige.

 

Installasjon

Untismobile skal vere tilgjengeleg for både Android, IOS (IPhone) og Windowstelefonar, samt datamaskiner med Windows 8 og 10. Applikasjonen skal vere tilgjengeleg på Google Play for Android telefonar, på Apple store med IOS, og Microsoft Store for Windows.

Om du får spørsmål om å godta installasjonen, trykk «Godta»

 

Første gangs bruk

Felles for alle versjonar;

  1. Ved første oppstart må du kople appen opp mot din skule. På starten skal du søke etter din skule, skriv da «ulstein», du vil no få opp alternativet «Ulstein Vid. Skule». Trykk på den.
  2. Velg deretter «Eg har ikkje brukarnamn», det vil da komme ein gjestebrukar som du skal logge deg inn med.
  3. Trykk «Registrer»

 

Bruk av appen

IOS:

Når du har logga inn på Untis, og kjem til heimesida vil du sjå tre forskjellige val under Timeplan: «Klasser», «Lærer» og «Rom».

(Om du ikkje ser dei vala, so trykk på pilen som peiker oppover: -Du finn den nederst i høgre hjørne.)

På «Klasser» kan du velje timeplanen til dei forskjellige klassene på skulen.

På «Lærar» kan du sjå timeplanane til kvar enkelt lærar.

På «Rom» kan du sjå kven som er på dei forskjellige klasserommane, og kva klasserom er ledig til dei ulike tidene.

 

Android:

Oppe i venstre hjørne vil ein sjå ein knapp med tre strekar.  Om ein trykker på den vil ein meny poppe opp med «Klasser», «Lærar» og «Rom»

På «Klasser» kan du velje timeplanen til den forskjellige klassene på skulen.

På «Lærar» kan du sjå timeplanane til kvar enkelt lærar.

På «Rom» kan du sjå kven som er på dei forskjellige klasserommane, og kva klasserom er ledig til dei ulike tidene.

«GO PREMIUM» er ein versjon som ein må betale for som gir deg ekstra funksjonalitet. Vi nyttar ikkje desse ved skulen. Sjå denne nettsida for meir informasjon.

 

Windows:

Oppe i venstre hjørne vil du sjå ei klokke. Om ein trykker på den, vil ein meny kome opp med «Klasser», «Lærar» og «Rom»

På «Klasser» kan du velje timeplanen til den forskjellige klassene på skulen.

På «Lærar» kan du sjå timeplanane til kvar enkelt lærar.

På «Rom» kan du sjå kva klasse som er på dei forskjellige klasseromma, og kva klasserom er ledig til dei ulike tidene.