Adobe Creative Cloud for elevar

Elevar som tek visse fag har moglegheit til å få tilgong til programma i Adobe Creative Cloud.

Du vil få tilgong til alle programma i pakken, også program som ikkje trengs i undervisninga.

Lisensen vil vare i eitt skuleår, og må fornyast året etter, elles vil programma gå over til å være prøveversjonar når året er omme.

Korleis få pakken?

For å få lisens for pakken, krevst det at du har levert utfylt og underskreve gjenpart av IT-reglementet til IT-Support. Merk at føresette må ha underskreve gjenparten om du er under 18 år.

Ved utlevering krevst også at du skriv under ei kontrakt for lån av lisensen. Kontrakta set visse vilkår, slik som at IT-Support og Adobe vil registrere detaljar om maskina og deg som skal ha lisensen.

Lisensen er knytta til Office 365-kontoen din frå fylkeskommunen. Berre elevar som tek visse fag ved skulen vil ha tilgong. Andre som forsøker å logge inn, vil få ei feilmelding.

Det er ikkje nødvendig å avinstallere eller kontakte IT-Support for å få deaktivert lisensen når skuleåret er over, deaktivering av lisensen skjer automatisk.

Framgangsmåte for å installere pakken (likt for Windows og Mac om ikkje anna er angitt):
MERK: Heile prosessen krev tilgong til Internett.

Tips: Klikk på bileta for å sjå større versjonar.

  1. Gå til https://www.adobe.com/no/ og logg på ved å klikke Logg inn oppe til høgreBruk Office 365-kontoen din for å logge på.
  2. På høgresida, under namnet ditt, klikk på lenka Installer Creative Cloud-applikasjonen.
  3. Installasjonsfila vert lasta ned. Kjør denne når den er ferdig.
  4. Du vil bli bedt om å logge på for å installere. Bruk Office 365-kontoen din.
  5. Start installeringa.
     
  6. Etter installasjonen, skal programmet opne. Om ikkje, opne programmet.
    På ei Windows-maskin: Opne programmet ved å dobbeltklikke på ikonet for Adobe Creative Cloud på skrivebordet eller Start-menyen.
    På ein Mac: Opne Adobe Creative Cloud-programmet i programoversikta i Finder.
  7. Gå til fana Alle apper.

    Her kan du installere programma du vil ha, ved å trykke på Installer-knappen ved kvart program. Du kan installere fleire program på same tid.

    Framgangen står under kvart program når det vert installert.
  8. Om du ønskjer å ha programma installert med eit anna språk enn Norsk, klikk på tannhjulet oppe til høgre:
  9. Gå til fana Applikasjoner og vel språk under Standard installasjonsspråk:

    For å gå tilbake til Apps-lista, trykk Ferdig.
    Merk at du må velge språk før du installerer programmet. Program som allereie er installert, må avinstallerast og så installerast på nytt for å skifte språk. Du kan avinstaller eit program ved å trykke dei tre prikkane til høgre for programoppføringa i Alle apper-fana, og velje Avinstaller:

Du kan også være interessert i…