Elevhjelp

Som elev har du iblant kanskje spørsmål om noko du treng hjelp med angåande data. Det er då ofte naturleg å kome til IT-avdelinga på skulen for å få hjelp.

Men det er ikkje alltid vi kan hjelpe.

Kva kan IT-avdelinga hjelpe deg med?

Så langt vi har moglegheit til det vil vi prøve å hjelpe deg med fylgjande:

  • FylkesPC. Maskiner av typen Lenovo som er levert gjennom PC-ordninga til fylkeskommunen, har vi teknisk support for. Det vil seie at om det er noko gale med maskina, kan du kome med den til oss, og få service eller hjelp. Hugs at maskiner levert gjennom PC-ordninga har 3 års garanti og forsikring, som dekkjer nær all skade og feil som er på maskina i perioden.

Reparasjonstid på FylkesPC kan variere mellom nokre timar til to-fire veker, avhengig av kva som er gale, og om maskina må sendast inn. Du får sjølvsagt låne ei maskin av oss i mellomtida.

  • PC’ar som skulen eig, slik som maskinene på dataroma, eller berbare utlånt frå oss, er det vi som har ansvar for. Vi kan difor prøve å hjelpe deg med problem du har med desse, så lenge det gjeld sjølve maskinene, eller feil på program som er installert på maskinene. Hugs at du sjølv ikkje har lov å installere program på skulen sine maskiner som du ikkje har fått godkjent av oss på IT-avdelinga.
  • Programvare slik som Adobe CC-pakken, som skulen betalar for og deler ut, kan vi hjelpe deg med å installere. Det er likevel eit lite forbehold om at maskina di kan køyre programmet; normalt krev programma ein Windows-PC. Når det gjeld programvare som krev lisens, krev vi også at du har underskreve IT-reglementet, samt at du er i ei klasse som kvalifiserer. Det er ikkje alle elevane som har rett på å få installert all programvara skulen eig. Korleis du brukar programmet bør du spørje faglæraren om, eller finne ut på eiga hand, då det ikkje er sikkert at vi kan hjelpe med dette. Vi vil likevel hjelpe så langt vi kan.

Problem som kjem under desse punkta kan du melde frå om på Helpdeskportalen eller ved å kontakte oss på IT-avdelinga direkte.

Kva kan vi ikkje hjelpe deg med?

  • Alt som har med di eiga maskin å gjere, slik som problem med å starte opp, problem med Windows eller liknande, og som ikkje har direkte med tilkoplinga til skulen sitt nett eller vår programvare å gjere, er i hovedsak ditt eige ansvar, og noko du må ta med den staden du kjøpte maskina. Om vi har tid eller moglegheit, kan vi prøve å hjelpe deg, men vi har ikkje noko ansvar, så vi kan difor også måtte seie nei.
  • Maskiner som ikkje har Windows slik som Apple sine Mac-maskiner og iPad, og nettbrett eller maskiner med Android, er det begrensa kva vi kan hjelpe med. Fleire av tenestene våre, mellom anna SafeCom, er vanskelig å få til å fungere på Mac, og fungerer ikkje i det heile på iPad eller Android. Fleire av programma som vert brukt i undervisninga krev Windows, og kan difor ikkje nyttast på slike maskiner. Vi kan prøve å hjelpe deg, men kan ikkje gi garanti for at vi får til nokon løysing. Sjå ellers krav skulen set til maskiner elevane skal ha.
  • Program slik som Microsoft Office (eller LibreOffice) og antivirusprogram treng du, og antivirusprogram er du faktisk pliktig å ha installert, dersom du er kopla til skulen sitt nett. Dette gjeld også for maskiner som køyrer Linux, Mac OS, eller andre operativsystem. Men det er opp til deg sjølv å velje kva program du vil bruke, og du må også installere desse på eiga hand. Vi kan hjelpe dersom du står fast, men dette forutset at vi har tid til å hjelpe deg. Opplæring i bruk av desse programma har vi begrensa med kapasitet til, snakk med faglæraren din om det er program du nyttar i undervisninga, ellers kan Google kanskje være til hjelp.

Du kan også være interessert i…