Heildagsprøver / Eksamen

Kva må klargjerast før heildagsprøver/eksamen?

Husk å ta med alt nødvendig utstyr på prøvedagen, og kontrollere at dette fungerer som forventa på førehand. På prøvedagen er skulens nettverk stengd for kandidaten, og det er då ikkje nødvendigvis mogeleg å laste ned naudsynte filer eller program på skulens nettverk!

Programvare

Alle maskiner må ha eit kontor-/skriveprogram installert som fungerer utan nettilgong. Kontor-/skriveprogrammet kunne lagre filer i Microsoft Office– eller OpenDocument-formatet! Vi tilrår at alle elevar nytter Microsoft Office, men ein kan også velje å bruke andre program som LibreOffice eller OpenOffice. Ikkje alle program kjem med ordlister, eller språka du treng som standard. Det er derfor viktig å sjekke om det er naudsynt å laste ned, eller å installere ordlister.

Programmer som GeoGebra og OrdNett er også sterkt tilrådd å ha på datamaskina, om det er prøve i matematikk- og språkfaga. Hugs også å laste ned eventuelle ordlister til OrdNett før prøva. Nokre fag kan også kreve at du har andre program installert på maskina, som er spesifikke for faget eller studieretninga. Hugs også å kontrollere desse programma.

Nokre nettlesarar kan ha problem med innleveringssystema som vert nytta under prøver og eksamen. Det er difor viktig at det er installert minst ein nettlesar i tillegg til den som følger med operativsystemet! Spesielt Mac-brukarar må være obs på dette, då Safari har hatt ein del problem med innleveringssystema. Vi anbefaler difor at alle brukarar har Firefox, Chrome og/eller Opera installert på maskina.

Filer

Alle filer som skal nyttast under heildagsprøva må ligge på datamaskina før prøvestart! Last dei ned i god tid før prøvedagen.

SafeCom og printer-kort

Nokre prøver krev utskrifter og/eller papirinnlevering. Det er då viktig at SafeCom er installert på maskina, og at ein har kontrollert at det fungerer. Det er også viktig at ein hugsar å ta med printer-kortet som er registrert på SafeCom (skulebevis/studentbevis eller anna kort du har registrert), og registrerer dette om det er naudsynt.

Vi vil på det sterkaste tilrå at det vert skrive ut eit testdokument, som ein hentar på ein av skrivarane. Dette let deg kontrollere at både SafeCom og printer-kortet fungerer som det skal.

IT-reglement

Alle elevar skal ha signert, og levert inn IT-reglementet. Merk at dette må gjerast for kvart skuleår, det held ikkje å ha skrive under forrige skuleår. Om ein ikkje har levert inn IT-reglementet, kan ein risikere å bli nekta tilgong til skulens/fylkets nettverk, assistanse frå IT-avdelinga, og/eller utlån av utstyr.

 

Fellesreglar i prøveområder

På heildagsprøver og eksamen er det ikkje tillate å nytte nokon former for kommunikasjon under prøva, eller i prøveområdet. Forbodet gjeld i heile prøveområdet, dette gjeld også om du ikkje sjølv har prøve. Dette innebér at det i prøveområdet ikke er tillate å ha aktivert, dele eller nytte seg av:

  • Bluetooth
  • Mobildata / mobilt breidband
  • WiFi / trådlause nettverk (forbudet gjeld ikkje skulens eigne nettverk)
  • Annan teknologi som tillét kommunikasjon

Dette forbudet gjeld uavhengig av eigen plassering, etasje eller distanse, så lenge det er innan rekkevidde/tilgjengeleg for personer som oppheld seg i prøveområdet! Det er heller ikkje tillate å dele nettverks-nøklar eller anna informasjon med prøvekandidatar. Forbodet er sett i høve til eksamensreglementet, og brot/forsøk på brot av forbodet, vert sett på som hjelp til fusk.

 

Bruk av skulens nettverk

Når det vert halde heildagsprøver eller eksamen på skulen, blir internettilgang via skulens trådlause nettverk stengd for kandidatane. Det er då kun mulig å nytte seg av utskrift, godkjende ressurssider, og innleveringssystemet som vert nytta for heildagsprøva/eksamen.

For elever som ikkje har prøve vil nettverket vere ope som vanleg.

Deling av personleg konto for nettverket med andre, er ikkje lov til noko tid, uansett grunn. Å låne ut din eigen personlege konto til andre har vidtrekkjande konsekvensar som er vanskeleg å få oversikt over. ALDRI gi passordet ditt til andre, sjølv IT-personell. IT-personell har alternativ som dei kan nytte i samråd med deg, om det er behov.

Viktig informasjon under prøva

Opne nettstader

Fylkeskommunen har lagt ut ei side med oversikt over kva nettstader som er opne under prøver. Merk at det vert vedlikeholdt to lister: Éi som er nasjonal, og gjeld for alle vidaregåande skular i heile landet, og éi tilleggsliste som gjeld for vidaregåande skular i Møre og Romsdal fylkeskommune. Faglærar kan opplyse om kva han har opna for under prøver og heildagsprøver, under eksamen er det stengeregelen «Eksamen» som gjeld.

Dokumentmaler

På eksamen, og nokre av heildagsprøvene, skal det nyttast ein spesifikk mal på dokumentet som skal leverast.

Malar som skal nyttast for innleveringar finn du her:

Microsoft Word Nynorsk
Bokmål
OpenOffice/LibreOffice Writer Nynorsk
Bokmål

Om det er problem med malen under prøva, kan ein prøvevakt ta kontakt med IT-avdelinga.

Vi tilrår at malen vert nytta heilt frå starten av prøva. Dette gjer at du slepp å overføre arbeidet til mal-dokumentet når du skal levere inn prøva, og vil spare deg for ein del tid og oppryddingsarbeid.

Hugs å lagre dokumentet ditt ofte! Det er vanskeleg å hente fram igjen ulagra dokument om noko skjer med maskina di. I nokre tilfelle kan det ulagra dokumentet være borte for alltid og du må skrive det på nytt.

For eksamen:

  • Når du lagrer dokumentet, bruk kandidatnummeret ditt som filnamn.
  • Hugs å ikkje skrive namnet ditt nokon stad i dokumentet eller i filnamnet, bruk kun kandidatnummeret.
  • Fjern forfattarinformasjon frå dokumentet du skal levere:
    • Word for Windows:
      Gå til Fil > Lagre som og vel kvar du vil lagre dokumentet. I dialogboksa som kjem opp, finn du «Forfattere/Authors» under filnamnet. Klikk på namnet ditt, og skriv inn «xxx» eller noko anna:
    • Word for Mac:
      Vel Fil > Egenskaper

      Vel fana «Sammendrag«.
      Trykk på feltet «Forfatter«, og skriv inn «xxx»
      Trykk OK for å aktivere endringa.
    • Alternativ metode for Word for Mac:
      Klikk Innstillinger på Word-menyen.
      Klikk Sikkerhet under Personlige innstillinger.
      Under Personvernalternativer, vel «Fjern personlige opplysninger i denne filen ved lagring».
      Lagre dokumentet.
    • OpenOffice.org/LibreOffice for Windows og Mac:
      På menylinja, gå til Verktøy > Innstillinger > Sikkerhet > Valg, kan du sette på «Fjern personlig informasjon ved lagring».
      For å fjerne personlege og nokre andre data frå ei fil, gå til Fil > Egenskaper. Gå til kategorien Generelt og nullstill brukerdata.

Innleveringformat

Alle filer som skal leverast må bruke eit godkjent filformat.

For kontor-/skriveprogram er det krav om at filene er lagra i Microsoft Office– eller OpenDocument-formatet! Du kan også levere PDF-dokument.

For andre program må fila kunne lesast av programmet (og programversjonen) som vert brukt i undervisninga.

Innlevering: Papir

Ved papirinnlevering er det viktig å passe på at mal-fila er nytta, og at informasjons-boksene er fylt ut. Når du skal hente ei utskrift, må du ta kontakt med ei vakt, som då vil følgje deg til skrivaren. Husk å logge ut av skrivaren etter du har henta dokumentet.

Innlevering: Digitalt

Om det er digital innlevering, skal innleveringa kun skje på godkjende innleveringssystem. Adressa til denne vert opplyst ved prøvestart. Du kan normalt levere prøvesvaret ditt når du vil innanfor tidene som er opplyst om ved prøvestart, eller av faglærar i forkant.

Innleveringar av eksamen/heildagsprøver direkte til lærar, på e-post, minnepinner/eksterne lagringsmedier eller via andre metodar, er ikkje tillate, og kan resultere i at prøva ikkje vert registrert som innlevert! Ved problem eller særskilde behov, må prøvevakta ta kontakt med IT-avdelinga.

Trådløs kommunikasjon

På heildagsprøver og eksamen er det ikkje tillate å nytte noko form for nettverk utan skulen sitt trådlause nett. Det er ikkje tillate å ha aktivert, dele eller å benytte seg av:

  • Bluetooth
  • Mobildata / mobilt breidband
  • WiFi / trådlause nettverk (forbudet gjeld ikkje skulen sitt nettverk)
  • Anna teknologi som tillet kommunikasjon, deling eller omgår sperrer

Dette forbudet gjeld alle maskiner og einingar som er i prøveområdet. All bruk av ikkje godkjend kommunikasjon vert sett på som fusk, og vil få konsekvensar. Om telefoner eller andre einingar er med, må desse slåast heilt av, og leverast til prøvevakta.

Under heildagsprøver/eksamen blir det utført jevnlige søk etter ulovlig bruk av trådlaus kommunikasjon, og det kan bli tatt stikkprøver av maskiner og einingar.

Du kan også være interessert i…