Korleis sende utskrift til SafeCom

For å skrive ut til Safecom frå private maskiner eller utlånsmaskiner frå IT-avdelinga, må ein først gå til nettsida utskrift.mrfylke.no

Logg på med FEIDE-brukaren din.

Mine utskriftsjobber

Etter innlogging, vil du stå i fana Mine utskriftsjobber. Om du har lasta opp utskrifter til denne sida, eller via Webutskrift, vil desse være lista her. Merk at du ikkje vil sjå utskrifter du har sendt direkte frå maskina di via Driverprint (sjå lengre nede i denne artikkelen).

For å skrive ut via denne nettsida, anten trykk knappen [Velg fil] og finn fila du vil laste opp frå maskina di, eller gå til fana «Webutskrift», der du kan laste opp filer på same måte.

Kun dei oppgitte filtypane er støtta for opplasting. Andre filtyper vil verte avvist.

Merk at det kan være at OpenOffice-filer (.odt og så vidare) generert av Word eller andre Microsoft Office-program, ikkje vert skreve ut korrekt. Lagre dokumentet ditt som pdf, som du so lastar opp, så er du sikker på at det vert skreve ut korrekt. 

Trykk på den grøne [Neste >>]-knappen når du vil laste opp fila. Etter at utskrifta er klar til å sendast til SafeCom, må du trykke ein av dei tre knappane for å faktisk sende utskrifta. Dei to første knappane gir tosidige svart-kvite utskrifter med innstillingar tilpassa A3 eller A4 ark, den siste, «EOPOUT», gir tosidig fargeutskrift:

På heildagsprøver og eksamen må du skrive ut ensidig. Sjå overskrifta Innstillingar under for korleis du då må endre før du sender utskrifta til SafeCom-systemet.

Innstillingar

Du kan angi ulike innstillingar til utskriftene dine.

Der er to førehandsdefinerte val, og eitt som skriver ut fila direkte. Der er mogleg å sette nokre innstillingar på kvar, men på dei to førehandsdefinerte kan desse være overstyrt av systemet.

Dei tre vala er:

  • A3, Sort/hvit, (…)
    -Dette valet skriv ut på A3-ark. Alle utskrifter vil kome ut i svart/kvitt, uavhengig av om fila inneheldt fargar. Om du kryssar av for Avansert, kan du velje om du vil ha tosidig eller ikkje. Som standard kjem utskrifta som tosidig. Klikk på Ingen for å skrive ut ensidig. Valet nederst om du vil skrive ut i sort/kvit eller ikkje vil ikkje fungere.
  • A4, Sort/hvit, (…)
    -Dette valet skriv ut på A4-ark. Alle utskrifter vil kome ut i svart/kvitt, uavhengig av om fila inneheldt fargar. Om du kryssar av for Avansert, kan du velje om du vil ha tosidig eller ikkje. Som standard kjem utskrifta som tosidig. Klikk på Ingen for å skrive ut ensidig. Valet nederst om du vil skrive ut i sort/kvit eller ikkje vil ikkje fungere.
  • EOPOUT Direkteutskrift A4
    -Dette valet skriv ut dokumentet som det er, men vil gjere utskrifta tosidig om du ikkje skrur av dette ved å krysse av for Avansert, og velje Ingen under «Tosidig utskrift». Om du krysser av for valet «Skriv ut i sort/hvitt selv om dokumentet inneholder farger» nederst, vil skrive ut fila i svart/kvitt for å spare fargar.

Etter å ha satt innstillingane, trykk på knappen for skrivarvalet for å sende utskrifta til SafeCom-systemet slik at du kan hente det på skrivarane.

Webutskrift

For å skrive ut via denne nettsida, trykk knappen [Velg fil], og så den grøne [Neste >>]-knappen når du vil sende fila til utskrift.

Kun dei oppgitte filtypane er støtta for opplasting. Andre filtyper vil verte avvist.

Merk at det kan være at OpenOffice-filer (.odt og så vidare) generert av Word eller andre Microsoft Office-program, ikkje vert skreve ut korrekt. Lagre dokumentet ditt som pdf, som du so lastar opp, så er du sikker på at det vert skreve ut korrekt. 

Etter opplasting vil du få opp fana «Mine utskriftsjobber» der du kan velje innstillingar for utskrifta.

Driver Print

I denne fana vil du finne instruksjonar for korleis du installerer ein skrivar på maskina di, slik at du kan skrive ut til SafeCom direkte frå programma dine framfor å måtte laste opp til nettsida kvar gong.

Merk at skrivaren er personleg, du bør ikkje la andre nytte din skrivar for utskrifter.

Advarsel: Veiledninga er noko utdatert, og inneheld nokre feil. Bileta i veiledninga stemmer ikkje med teksten. Følg det som står i teksten, ikkje det som vises i bileta! Der er bestilt ei ny veiledning, men det kan ta noko tid før denne er på plass.

WINDOWS: Når det gjeld å velje drivar i steg 4, vel «RICOH» i vindauget til venstre, og finn so ein drivar med namn som liknar «RICOH PCL6 UniversalDriver», og vel nyaste.

MAC: Når det gjeld å velje drivar/skrivarmodell i steg 4, vel drivaren med eit namn som liknar «Generic PostScript Printer».

Email Print

Denne fana inneheld veiledning for korleis du kan sende ei utskrift via epost frå m.a. mobile enheter.

Mine skrivere

I denne fana kan du velje kva førehandsdefinerte val som skal vises i fana «Mine utskriftsjobber», og du kan óg gi dei ditt eige namn. Merk at du må krysse av for valet du vil gi eige namn, for at den skal skifte namnet. Kun val med kryss vil vises på fana «Mine utskriftsjobber».

Lagre endringane når du er ferdig.

Du kan også være interessert i…