LånePC

Elevar som har problem med maskina si, manglar maskin, eller må sende maskina på reparasjon, kan låne ei bærbar maskin med IT-avdelinga, på dagsbasis.

Elevar som har FylkesPC (VG1-elevar: bestill her) får låne maskin så lenge deira eiga er til reparasjon.

Bruk av desse lånemaskinene er omfatta av fylgjande reglar:
Begrepet “maskin” i vidare tekst omfattar også medfølgjande straumforsyning.

  • Eleven (Lånetakar) må ha underskreve skulens IT-reglement, ha aktivert FEIDE-konto, og lest og godkjent fylkeskommunens IT-reglement. Eleven fyller i tillegg ut ei lånekontrakt når han får utlevert maskina.
  • Eleven har berre lov til å nytte utlånt maskin til skulearbeid.
  • Maskiner som blir lagt igjen utan tilsyn kan få konsekvensar for ordenskarakter.
  • Eleven har lov til å ta med seg maskina utom skulen sitt område, om det er naudsynt.
  • Eleven har ikkje lov til:
    • Å vidareleige eller låne bort maskina
    • Å endre, opprette/installere eller fjerne
      • maskinvare
      • partisjonar på intern harddisk
      • operativsystem eller programvare på intern harddisk eller CMOS/BIOS
      • passord eller innstillingar i operativsystem, programvare eller CMOS/BIOS (unntak er passord til konto som eleven nyttar)

      utan godkjenning frå IT-avdelinga v/Systemansvarleg på skulen.

  • Eleven er økonomisk ansvarleg for tap, og all skade og slitasje på maskina og programvare utover vanleg bruk, samt meirarbeid påført IT-avdelinga grunna elevens brot på vilkåra i kontrakta. Sjå IT-reglementet for Ulstein vidaregåande skule punkt 12.
  • Lånetid er normalt ein skuledag, om ikkje anna er avtalt med IT-avdelinga.  Maskina må være levert IT-Support seinast matfriminutt dagen etter. Om lånetakar ikkje leverer maskina i tide, kan dagmulkt på kr. 100,- pr. dag påreknast.
  • Maskina må leverast direkte til IT-Support på skulen, og bli kvittert for av IT-avdelinga sitt personell. Om IT-Support er utilgjengeleg, kan den leverast til skulens resepsjon/administrasjon.