Office 365

Office 365 er ei teneste som tilbys alle elevar som går på vidaregåande skular tilknytta Møre og Romsdal fylkeskommune.

Som elev vil du kunne logge på ein nettportal, der du kan laste ned programpakkane til Office 365, og installere desse på di eiga datamaskin. Det fins versjonar for Windows, OS X, Android og iOS. Meir informasjon finn du her. Etter programvara er installert, kan den óg nyttast utan at du er kobla til internett. Dette er vesentleg i forbindelse med heildagsprøver, tentamen og eksamen. Lisensen er kun gyldig så lenge du er elev i fylkeskommunen.

Kva ein får

Office 365 (Pro Plus) gjer deg tilgong til den siste utgitte utgåva av Microsoft Office Professional Plus på opptil 5 PCar eller Mac, og 5 nettbrett (Windows, iPad og Android) eller telefonar.

Pakken inneheld mellom anna:

  • Word Word (tekstbehandling)
  • Excel Excel (rekneark)
  • PowerPoint PowerPoint (presentasjon)
  • Outlook Outlook (e-post, kalender og kontakter)
  • Access Access (databaser)

Nettbasert Office

I tillegg til dei tradisjonelle programma og appane, har du óg tilgong til nettbaserte utgåver av dei fleste programma i Office-pakken. Det einaste som krevst for å køyre disse programma er ein moderne og oppdatert nettlesar. Dette betyr i praksis at du kan sette deg ned på kva som helst datamaskin eller einheit med nettilgong, og redigere dokument, rekneark, presentasjonar og meir direkte i nettlesaren, utan å måtte installere noko på datamaskina eller einheita. Man kan dermed sette seg ned på biblioteket, på skulen, eller hos ein ven, og vise eller redigere dokumenta man har lagra på OneDrive.

For å kome i gong med nettbasert Office, kan du gå til portal.office.com. Du loggar so på med den same kontoen du brukte for å laste ned programma. Etter du er pålogga, kan du velje programmet du vil starte fra programlista på framsida.

Korleis få tilgong

For å få tilgong til Office 365, er det viktig at passordet på FEIDE-kontoen din fyl passordkrava til Microsoft (sjå under). Det er også viktig at alle stega i artikkelen blir fulgt nøye. Om du hoppar over nokon av stega, kan du risikere at du ikkje vil få tilgong til Office 365! Om dette er tilfelle, må du gå tilbake og fullføre stega, eller starte på nytt.

Passordkrav

  • Passordet kan ikkje være det same som ditt forrige/eksisterande passord
  • Passordet må vere minimum 8 og maksimum 16 bokstavar, tal og teikn
  • Brukarnamnet kan ikkje være ein del av passordet
  • Namnet ditt (fornamn, mellomnamn, etternamn) kan ikkje være ein del av passordet
  • Du kan kun nytte bokstavar, tal og teikn frå det engelske alfabetet (ikkje æøå eller andre spesialbokstavar/spesialteikn) – Sjå listene som står i parentes under neste punkt
  • Minst tre av punkta under må vere med i passordet:
    • Store bokstava (A-Z)
    • Små bokstava (a-z)
    • Tal (0-9)
    • Teikn (! @ # $ % ^ & * – _ + = [ ] { } ( ) | \ ; : ‘ , . ? / ` ~ “ < >)

Korleis bytte passord

Du kan bytte FEIDE-passordet ditt på https://brukerid.mrfylke.no (gå til «Rediger/endre brukarkonto» og logg på med din FEIDE-brukar). Når du bytter passordet, er det viktig at det fyl alle passordkrava. Det er óg viktig at det nye passordet ikkje er det same som ditt gamle passord! Etter at passordet er bytta, kan det ta inntil ett døgn før passordendringa er registrert hos Microsoft og du vil få tilgong.

Merk at du ikkje skal endre passordet ditt på Microsoft sine sider!

Nedlasting, innlogging og installasjon

  • Gå til portal.office.com
  • Ved pålogging skal du bruke [FEIDE-brukernavn]@o365.mrvgs.no som e-postadresse/brukarnamn. Brukarnamnet blir da formulert: olanor11@o365.mrvgs.no
  • Om du får feilmeldinga «Vi gjenkjenner ikke denne bruker-ID-en eller dette passordet» har du truleg ikkje oppfylt passordkrava. Bytt passord for FEIDE-brukaren din, og sørg for at krava er oppfylt.
  • Du vil så verte omdirigert til fylkeskommunen si innloggingsteneste. Skriv inn FEIDE-passordet ditt.
  • Etter pålogginga vil du få opp ei nedlastingslenkje for Office 365; «Installer programvare«. Last ned, og køyr programfila for å installere programmet. Du må ha tilgong til Internett under installasjonen.
  • Om du får beskjed om å logge på ein e-post/konto når programmet startar, så skal det nyttast same e-postadresse og passord som vart nytta på nedlastingssida.

Kontoinformasjon

Merk at nokre av detaljane i kontoinformasjonen din er ferdig utfylt på Microsoft sine nettsider. Denne informasjonen må ikkje endrast! Den vert nytta til å tildele lisens, og om du endrar på kontoinformasjonen, kan du miste tilgongen!

Du skal ikkje endre passordet ditt på Office.com. Om du vil endre passord, endre for FEIDE-kontoen din, så vil endringa bli synkronisert.

Du kan også være interessert i…