Skulebevis

Skulen utsteder skulebevis til alle elevar som vi har bilete av i våre system.

Skulebeviset er eit bevis for at du er elev ved skulen, og enkelte organisasjonar og firma aksepterer det som legitimasjon, då det inneheld bilde, namn og fødselsdato. Butikkar og transportselskap kan be om beviset for at du skal kunne nytte deg av rabattar for elevar og studentar.

Merk at skulebeviset i seg sjølv ikkje er offentleg godkjent legitimasjon, dette er det berre førerkort og pass som er. Skulebeviset kan difor bli avvist brukt som legitimasjon der det er behov for å framvise slikt.

Skulebeviset inneheld ein del informasjon om deg:

Du kan nytte kortet som printkort på SafeCom, hugs då å ta med kortet på prøver, tentamen og eksamen.

Kortet som vert delt ut når du kjem til skulen første gong, er gratis. Om du misser kortet eller det vert øydelagt, kan du bestille nytt hos IT-Support, men du kan då verte kravd for produksjonskostnader.

 


MERK:

Det er straffbart å nytte seg av falsk legitimasjon og andre sin legitimasjon

Den som har endra på legitimasjon for å få det til å framstå som man har fylt 18 år, og så nyttar det i butikken, utestad eller annan stad der legitimasjon vert krevd, gjer seg skyldig i dokumentfalsk, jf. straffelova §182. Om ein ikkje har endra på legitimasjonen, men nyttar andre sitt som sitt eige (f.eks. eigen bror eller venn), rammast dette av straffelova §372 andre ledd. Straffeforfølging av denne type saker er underlagt offentleg påtale, det vil seie at det ikkje er nødvendig med ei påtalebegjæring i desse tilfella. Men for å gjere politiet merksam på forholdet (om dei ikkje har kome til staden) må man levere inn ei politianmeldelse dersom man ynskjer at forholdet skal følgjast opp. Kven som helst kan i utgangspunktet levere ei anmeldelse. Du finn skjema for anmeldelse på www.politi.no.

Om bruken av falsk legitimasjon eller anna person sin legitimasjon resulterer i at butikken eller utestaden får inndrege si bevilling, kan det være grunnlag for å fremme eit erstatningskrav mot vedkomande.
Kjelde: https://olsalg.no/legitimasjon