Antivirus

Alle som skal nytte skulen eller fylket sitt nettverk, system eller tenester er pliktige til å installere eit antivirusprogram på eininga som skal nyttast. Brukaren er og pliktig til å sørgje for at antivirusprogrammet er aktivert, og oppdatert. Kravet gjeld alle einingar, uavhengig av operativsystem (f.eks. Windows, Mac OS, Linux), merke, modell eller plattform (f.eks. telefon, nettbrett).

Virusspreiing og/eller bruk av skulen sitt nettverk uten å ha installert eit antivirusprogram, bryt med skulen og fylket sitt IT-reglement. Det kan blant anna føre til nedsatt ordenskarakter, erstatningskrav for påførte kostnadar/meirarbeid, eksklusjon frå utlånstilbodet, IT-tenester og skulen/fylket sitt nettverk, eller ved grove overtramp utvising og/eller melding til politiet!

 

Førehandsinstallerte antivirusløysingar

Nye datamaskiner kjem gjerne med ei antivirusløysing som er førehandsinstallert av PC-produsenten. Normalt er det ei 30-dagers prøveperiode av eit betalingsprogram, som for eksempel «Norton» eller «McAfee».

Etter prøveperioda er utløpt vil du ikkje lengre vere verna mot virus o.l. på maskina di. Det er då viktig at du avinstallerer det gamle programmet, og legg inn ei fungerande antivirusløysing.

 

Tilrådde antivirusprogram

Normalt tilrår vi ikkje brukarane våre å betale for antivirusløysingar. Det er på grunn av at gratisalternativa normalt gir like godt vern, og fungerar betre med systema på skulen.

  • Microsoft Security Essentials (Windows)
    • På Windows 8 og nyare kjem det innebygd i operativsystemet under namnet «Windows Defender».
  • AVG (Windows, Mac, Android, iOS)
    • Merk at AVG og kjem i betalingsutgåver. Det er utgåver som tilbyr ekstra funksjonar, men som ein ofte ikkje har behov for.
    • Versjonen til iOS inneheld IKKJE ei antivirusløysing!
  • Avast (Windows, Mac, Android, iOS)
    • Merk at Avast og kjem i betalingsutgåver. Det er utgåver som tilbyr ekstra funksjonar, men som ein ofte ikke har behov for.
    • Versjonen til iOS inneheld IKKJE ei antivirusløysing!

 

  Microsoft Security Essentials AVG Avast
Windows 7
Windows 8 *
Windows 10 *
Mac OS
Android
iOS ** **
Windows Phone

* Program er innebygd i Windows, under namnet «Windows Defender». Om andre antivirusløysingar er/har blitt installert, vil programmet slutte å fungere fram til det manuelt blir reaktivert.

** Program inkluderar ikkje ei antivirusløsning!

 

Testresultat av antivirusløysingar

Om du ynskjer å vite kva som er den sikraste antivirusløysinga på markedet for augeblikket foretek AV-Test.org uavhengige testa av dei fleste store antivirusløysingane som er på markedet. Dei testa gratis- og betalte program til Windows, Mac og Android.

Du kan også være interessert i…