Hovudside
Frå UlsteinVGS-Wiki
Velkomen til Ulstein Vidaregåande sine Wiki-sider.
På desse sidene vil du kunne finne informasjon om skulen sitt nett, hjelp til å bruke datamaskiner, og andre nyttige ting.
Treng du meir hjelp enn du finn svar på her?
- Kva kan IT-avdelinga hjelpe elevane med?
- Helpdeskportalen - Portal for kommunikasjon med IT-support.
Forslag til endringar? Programvare eller andre ting du meiner bør være med på desse sidene? Kontakt oss!
Innhaldsliste |
IKT-Reglement
Alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal har eit eller fleire reglement for bruk av skulen sitt nett, datamaskiner og system. I tillegg er det eit felles reglement som er likt for alle vidaregåande skular i fylket.
- Fylket sitt reglement finn du her. Du må ha lese dette for å få lov å bruke nettet på skulane.
- Ulstein Vidaregåande Skule sitt reglement finn du her. (pdf-dokument) Dette må underskrivast at eleven har lest det, og leverast til kontaktlærar.
Eleven har ikkje lov å nytte nettverket på skulen utan at han/ho har lest begge reglementa og akseptert desse.
Om eigen PC for elevar
Elevane ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal (skular dreve av fylkeskommunen) er pålagt å ha eigen berbar PC til bruk i undervisninga.
Elevane som startar på første året (VG1) har to alternativ i ei valfri ordning1 for å skaffe seg PC:
- Ein berbar PC som vert utlevert til eleven ved skulestart. Denne maskina vert sponsa av fylkeskommunen.2
- Eit eingongstilskott til kjøp eller bruk av eigen PC.
1 Ordninga gjeld berre elevar på Vg1-trinnet ved Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skular. Ordninga gjeld ikkje for elevar som har fått PC eller tilskott frå fylket tidlegare.
2 Eleven må betale ein liten eigenandel kvart år over tre år. Eigenandelen kan delvis dekkjast ved å søkje Statens Lånekasse om utstyrsstipend. Kontakt skulen for meir informasjon.
PC-ordninga
Ved å melde seg på i forkant av skulestart, eller i ei avgrensa periode etter skulestart, kan ein få utdelt ei maskin frå fylkeskommunen. Dette er ei maskin som er valgt med tanke på at ho skal nyttast til skulearbeid, men er også kraftig nok til at eleven kan nytte henne til fritid. Maskina har tre års garanti, mot to år som er vanleg om ein kjøper sjølv.
2011/2012
- Informasjonsbrosjyre om PC-ordninga frå Møre og Romsdal Fylkeskommune skuleåret 2011/2012 (pdf-dokument)
- Informasjon og påmelding (Ungweb.no)
Kjøp av eigen PC
Eleven kan velje å få utdelt eit eingongstilskott som kan nyttast som hjelp til å kjøpe maskin etter eige ønske. Om du ønskjer å motta eingongstilskott, treng du ikkje foreta deg noko. Merk at om du allereie har registrert deg på PC-ordninga, må du melde deg av om du likevel ønskjer å motta eingongstilskott. Ta kontakt med skulen. Eingongstilskottet vert utbetalt normalt rundt Oktober.
Merk at når ein skal kjøpe eiga maskin, bør ein tenkje over at ein del programvare eller tenester som skulen nyttar i undervisninga ikkje nødvendigvis fungerer på alle typar maskiner.
- Råd frå skulen om kjøp av ny PC (pdf-dokument)
Nettverket
Generelt
- Helsing frå IT-avdelinga og innføring i dei ulike systema på skulen (pdf-dokument)
- Ting du må vite som ny elev. (Ungweb.no)
Feide
- Registrere brukarnamn og passord til Internett/Feide(Skolearena og It's learning)
- Gløymt passordet/brukarnamnet ditt til Internett/Feide?
- brukerID - Portal for registrering og endring av Feidebrukar.
- Feidesupport Om du har problem med Feide, eller har gløymd passordet og ikkje har registrert mobilnummeret ditt, kan du få hjelp her. (Ungweb.no)
SkoleArena/It's Learning
- SkoleArena er staden der skulen legg ut karakterer og fråvær for eleven. Eleven kan også sjølv registrere fråvær her.
- It's Learning er skulen sin LMS, eller læringsplattform. Det er her informasjon frå skulen vert lagt ut, og der ein kan finne informasjon og anna som høyrer til faga sine. Ein kan logge på It's Learning ved å logge på SkoleArena, og så trykke på It's Learning-ikonet
på verktøylinja.
E-post
Alle elevar får ei eiga e-post adresse frå skulen. All e-post frå skulen/fylket til eleven personleg kjem normalt til denne adressa.
- Skolepost - Webmail for skule-eposten. Logg på med Feide brukarnamn og passord.
- Brukarveiledning for Roundcube, E-postsystemet på Skolepost. (pdf-dokument)
Utskrift
- SafeCom - Totalløysing for utskrift, kopiering og scanning frå eigen PC.
- Bruk av SafeCom-multimaskin - Veiledning for korleis ein nyttar multimaskinene (kopimaskinene) som er ein del av SafeCom-løysinga
- Bifrost - Fylket si løysing for utskrift til skulen sine skrivarar frå eigen PC.
Nyttige ting
Eksamen
- Korleis deaktivere Bluetooth på ein bærbar. På eksamenar og tentamenar er det ikkje lov å ha Bluetooth aktivert. Her finn du framgangsmåte for korleis du kan sjå til at Bluetooth er slått av på maskina di, i forkant av prøva.
Programvare
- Skulen anbefalar. På denne samlesida finn du både Web 2.0 Onlineprogram og program for di eiga maskin, slik som skriveprogram og ulike antivirusprogram, i tillegg til ulike hjelpemiddel for skulekvardagen.
- Gratis antivirusprogram: Merk at det er påkrevd for alle å ha eit fungerande og oppdatert antivirusprogram på maskina si, for å få lov til å nytte nettverket på skulen!
- OpenOffice.org - Eit gratis alternativ til Microsoft Office. Merk at IT-reglementet frå Fylket krev at du har installert OpenOffice.org på maskina di!
- Norske ordlister for OpenOffice.org 3.0 eller nyare finn du her. Ordlister for tidlegare versjonar av OpenOffice.org finn du på OpenOffice.org.
- Informasjon om ekstra ordlister/retteprogram for Microsoft Office.
Læremidler
- OpenOffice.org 3 Lærebok og oppslagsverk
- Kursbøker i OpenOffice.org - Bjarne Jullum's omfattande kursbøker for begynnere og vidarekomne.
Nettsider om kildekritikk
- Inn i jungelen På disse sidene finner du hjelp til hvordan du kan orientere deg i Internettjungelen. Og tips til hvordan du lettest kan finne, vurdere og presentere informasjon i forbindelse med ditt skolearbeide
- Sjekkliste for kildekritikk Ung.no
- Historikeren Knut Kjeldstadli har omtalt kildekritikk som «systematisert sunn fornuft» Wikipedia
- Kildekritikk VIKO - Veien til informasjonskompetanse, NTNU Universitetsbiblioteket i Trondheim (TONE - Troverdighet - Objektivitet - Nøyaktighet - Egnethet)
Nettsider om opphavsrett
- Clara Informasjonssentral for opphavsrett og klarering Ønsker du å bruke musikk, film, tekst eller bilder? Lurer du på hvilke regler som gjelder? Clara viser vei og forteller.
Informasjon/hjelp for programvare
- Skolehjelpen - Gratis hjelp med OpenOffice.org og Microsoft Office.
- 23 ting du bør kunne om Web 2.0 - Nyttig hjelp til å komme i gang med Web 2.0.
Anna
For Lærarar
- Lærarmaskiner - Portal for informasjon rundt dei bærbare maskinene lærarane får utdelt.
